Standpunkt

Eleven har rett til å klage på alle standpunktkarakterar dersom eleven meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter ikkje er følgt. Eleven har òg rett til å klage dersom eleven ikkje har blitt vurdert i faget (vedtak om IV). Skulen skal informere elevar og føresette om retten til å klage, klagefrist og kva klagen kan innehalde. 

  • Eleven kan klage sjølv, og føresette kan klage på vegne av eleven fram til han eller ho fylgjer 18 år. Dersom eleven er under 15 år kan dei ikkje klage utan skriftleg samtykke frå føresette jf. §5-2.
  • Eleven og føresette kan krevje grunngjeving for standpunktkarakter før dei klagar. 
  • Klagen må vere skriftleg, og signerast av elev og føresette. Det må gå fram kva eleven klagar på, og klagen bør innehalde anna relevant informasjon og grunngjeving for klagen.
  • Frist for å klage på standpunktkarakter er 10 dagar. Fristen går frå den dagen eleven har fått karakteren, eller den dagen han/ho har fått grunngjevinga. 
  • Klagen sendast til skulen.

Det er ikkje klagerett på undervegsvurderinga. 

Les meir om klage på vurdering i forskrift til opplæringslova kapittel 5

Eksamen

Les om klage på eksamenskarakter her