Sosiallærar / Spespedkoordinator:  Åse Julusmoen  tlf. 57 62 97 62

  • arbeider med sosialpedagogiske tiltak
  • kan hjelpa elevar til å finna løysingar på sosiale og personlege vanskar i skulesituasjonen
  • kan hjelpa til med å løysa konflikter i skulemiljøet
  • er kontaktperson og deltek på møte i høve til  barnevern, PPT, NAV, og BUP  
  • tek del i det tverretatlege samarbeidet i kommunen (TET) 
  • organiserer leksehjelpordninga – både den frivillige og ordninga for dei med spesielle behov 
  • samarbeider med barnetrinnet om overgangen til ungdomstrinnet 
  • har eige foreldremøte i 7. klasse der skulemiljø er tema. Der presenterer ein samarbeidspartar som barnevern, skulehelseteneste, politi og PPT. MOT-coach deltek også.

 

Spesialpedagogiske koordinatoroppgåver:

  • har hovudansvar for og samordnar tiltak knytt til spesialundervisning
  • formidlar kontakt til andre hjelpeinstansar for elevar med spesialundervisning 
  • samarbeider med barnetrinnet om overgangen ungdomstrinnet for elevar med vedtak om spesialundervisning 
  • samarbeider med vidaregåande skule om einskildelevar  
  • har ansvar for søknad til  vidaregåande skule for elevar som treng ekstra tilrettelegging  bl.a. utfylling av vedleggsskjema – generell oppfølging har rådgjevar