Skulen ved fjorden

Skulen ligg fint til med Sognefjorden og Leikanger kyrkje som næraste nabo. Her kjem turistar for oppleva fjorden og dei sjeldne trea i prestehagen. Ungdomsskuleelevane tek seg gjerne ein dukkert i fjorden sommar som vinter.

Mange arbeidsplassar i bygda er knytt til offentleg administrasjon som Statens vegvesen, fylkeskommune, statsforvaltaren i Vestland, NAV og Digitaliseringsdirektoratet - Digdir. Fruktdyrking har i generasjonar vore ei viktig næring.

Skulen har 132 elevar fordelt på åtte kontaktlærargrupper.

Målet med arbeidet i skulen er å få kompetente menneske for framtida. Her arbeider lærarar, elevar, foreldre og andre tilsette saman. Samarbeid med lokalsamfunnet - arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar vert vektlagt.

Skulen sin visjon kan samlast i desse orda:

IDENTITET - SAMARBEID - KREATIVITET – HANDLING

Skulen ein ressurs i lokalsamfunnet – lokalsamfunnet ein ressurs i skulen

Me ynskjer ungdommar som har identitet knytt til bygda og distriktet, og som augnar kvaliteten i det lokale. Dette prøver me å få til gjennom samarbeid i skulen og utanfor skulen. Me meiner at kreative ungdommar er noko som trengst skal me få utvikling i samfunnet. Denne evna vil me gjerne fremja i opplæringa. Ein treng også gode kunnskapar. Arbeid med faga er viktig.

Gode tankar er bra, men ikkje nok. Skule og samfunn treng handling. Aktive ungdommar som kan bli vaksne med vågemot og engasjement, er viktig. Ikkje berre lokalt, men også globalt trengst handlande menneske.

I tillegg til den kommunale satsinga på BTI – Betre tverrfagleg innsats -har skulen læreplan LK20, vurdering og internasjonalt samarbeid som satsingsområde.