Trafikalt grunnkurs må alle ha for å kunne lærekøyra. For å kunne øvingskøyra i perioden 1.november-15.mars må ein gjennomføra mørkekøyring først. Skulen vår tilbyr trafikalt grunnkurs som ein integrert del av valfag trafikk, men elevane må ta mørkekøyringa privat hjå ein køyreskule.

 

Det som er nytt skuleåret 2021/2022, er at elevane ikkje vil få godkjend trafikalt grunnkurs før skuleåret er omme. Dette vil seie at elevar som tek trafikalt grunnkurs gjennom skulen hjå oss, ikkje vil få høve til å lærekøyra før i slutten av juni. Tidlegare kunne me køyre ein eigen bolk med trafikalt grunnkurs tidlegare på skuleåret. På den måten kunne elevar som er fødde tidleg på året få godkjend trafikalt grunnkurs før nyttår, slik at dei kunne øvingskøyre allereie i januar, om dei då hadde teke mørkekøyringa på ved ein køyreskule utanom. Dette går ikkje lengre. No vert trafikalt grunnkurs ein integrert del av valfag trafikk heile året og me kan ikkje godkjenne dette før valfag trafikk er fullført i slutten av juni.

 

For meir informasjon, sjekk desse nettsidene:

 

Informasjon om Valgfaget trafikk • Trygg Trafikk

Trafikalt grunnkurs | Statens vegvesen

https://www.vegvesen.no/forerkort/ta-forerkort/morkekjoring